NATURSTI OG FOSSAR

Opplev korleis den vidjetne Briksdalsbreen har forma det frodige dalføret gjennom fleire tusen år. Sjå dei glattslipte berga og den frodige vegetasjonen i dalbotnen. Du vil bli overraska av dei mange vakre blomane som veks her!   

 
 
sirkel_bru.png
 

KLEIVAFOSSEN

Kleivafossen har gjennom lange tider dusja turistar på veg over brua mot Briksdalsbreen. Denne fossen er eit av dei mest fotograferte motiva i heile Norge.

Når isbreen smeltar går fossane mange og strie nedetter fjellsidene i Briksdalen. Som kvite sølvband kastar dei seg nedetter stupbratte svaberg i sin ville dans på veg mot blinkande, blågrøne vatn i dalbotnen. Det er som om vatnet har det svært så travelt etter fleire hundre års binding som is. Bruset frå fossane, spesielt Kleivafossen, er ein del av naturopplevinga som har gjort Briksdalen kjend.

HEFTE OM BREEN OG PLANTELIVET

Skaff deg det informative heftet «Briksdal Natursti, ei vandring i geologien, glasiologien og botanikken» i souvenirbutikken, og utforst dalen med nye auge.   

INFORMASJON OM GEOLOGI

I souvenirbutikken kan du også kjøpe eit interessant hefte om geologi, forfatta av Prof.(FH) Dipl.-Ing. Dr. Stehpan Winkler.

Ein tur langs stiane i Briksdal har mykje å by på - både for store og små!

 
 
uteliv.jpg
 
sirkel_tistel.png
 
 
 

FOSSANDE BREELVAR

På veg gjennom Oldedalen til Briksdal vil du sjå eit mangfald av vakre, ville fossefall. Gytrifossen, Nelkjifossen, Yrifossen, Kvamsfossen, Rustøyfossen, Høgalmefossen, Volefossen, Svadåna, Briksdalsfossen og Tjøtabreelva. Fossande strøymer i vill dans mot havet; det er som om vatnet har det svært så travelt etter fleire hundre års binding som is.  

 

Opplev meir i vakre Briksdal

 

Briksdalsbreen

Breskyss

Kattanakken

Oldeskaret

Natursti

Nasjonalparken

Like ved