Med Trollbil frå Biksdal til Biksdalsbreen
Den vakraste bilturen
I meir enn hundre år hadde bøndene i Oldedalen frakta turistar med hest og kjerre inn til vakre Briksdalsbreen. I 2004 valde ein å leggje ned dette tilbodet, og i staden tilby turen til breen med spesielle Trollbilar.
Turen går frå haldeplassen like ved souvenirbutikken i Briksdal - og vegen slyngjer seg i vakker natur opp langs fossar og stryk i Briksdalen. Frå endestasjonen på Kleivane og inn til vatnet ved Briksdalsbreen er det ca. 500 meter å gå. Stien er brei og fin og her vandrer du gjennom urørt natur i Jostedalsbreen Nasjonalpark.
Ein rundtur med Trollbilen tek ca. 1,5 time, med stans på toppen.
Bestill breskyss med Trollbil
Trollbil frå Briksdal til Briksdalsbre
BOOKING FOR PRIVATPERSON
Trollbil frå Briksdal til Briksdalsbre
BOOKING FOR TURPERATØR
OBS: Vi opererer kun i Briksdal - og har ikkje skyss frå Olden Cruiseterminal.
OPPMØTE
Oldedalsvegen 2211, 6792 Briksdalsbre
GPS-koordinat
61,66317°N 6,82336°
Sesong fra mai – oktober
I skuldersesongen, mai mnd og frå 20. september, MÅ turane tingast på førehand. Maks kapasitet 105 personar pr. avgang (7 pers.nar pr. bil).
Prisar 2026
Vaksne
Kr 300,- pr. person tur/retur
Kr 200,- pr. person for skyss ein veg. Gjeld kun for tur opp (vi sel ikkje kun returbillettar).
Barn 8 – 15 år
Kr 200,- pr. person tur/retur
Kr 200,- pr. person for skyss ein veg. Gjeld kun for tur opp (vi sel ikkje kun returbillettar).
Barn opp til og med 7 år køyrer gratis i følge med føresette
- så framt ein dekker minsteprisen på 600,-
Grupper
Gruppepris på førespurdnad, minimum 7 personar.
Rutetider
AVGANG MED TROLLBIL FRÅ BRIKSDAL
09.00 / 09.45 / 10.15 / 11.00 / 11.45 / 12.15 / 13.00 / 13.45 / 14.15 / 15.00 / 15.45 / 16.15 / 17.00
Det er bygd rampe ved start i Briksdal og ved endestasjonen på Kleivane, så det er lett og kome seg opp i og ut av bilane.
Det er viktig å bestille i god tid, då denne turen er svært populær.