DEN VAKRASTE BILTUREN

I meir enn hundre år hadde bøndene i Oldedalen frakta turistar med hest og kjerre inn til vakre Briksdalsbreen. I 2004 valde ein å leggje ned dette tilbodet, og i staden tilby turen til breen med spesielle “Trollbilar”.

Turen går frå haldeplassen like ved souvenirbutikken i Briksdal - og vegen slyngjer seg i vakker natur opp langs fossar og stryk i Briksdalen. Frå endestasjonen på Kleivane og inn til vatnet ved Briksdalsbreen er det ca. 500 meter å gå. Stien er brei og fin og her vandrer du gjennom urørt natur i Jostedalsbreen Nasjonalpark.

Ein rundtur med Trollbilen tek ca. 1,5 time, med stans på toppen.

 
Bestill tur
sirkel_historie1.png
 

KAPASITET

Maks kapasitet pr. bil er 7 personar.
Maks kapasitet pr. avgang er totalt 105 personar.

SESONG

Sesong fra mai – oktober.
I skuldersesongen, mai mnd og fra 20. september, MÅ turane tingast på førehand.

 
 
bil.jpg

PRISAR 2026


Vaksne

Kr 300,- pr. person tur/retur
Kr 200,- pr. person for skyss ein veg. Gjeld kun for tur opp (vi sel ikkje kun returbillettar).

Barn 8 – 15 år

Kr 200,- pr. person tur/retur
Kr 200,- pr. person for skyss ein veg. Gjeld kun for tur opp (vi sel ikkje kun returbillettar).

Barn opp til og med 7 år køyrer gratis i følge med føresette - så framt ein dekker minsteprisen på 600,-


Grupper

Gruppepris på førespurdnad, minimum 7 personar.

 
Bestill tur