Opplev Briksdal på den populære rundstien
I fem år har den nye gangstien på sørsida av elva gitt gjestene ei flott rundtur i Briksdal. Tidlegare gjekk ein berre 3 km grusveg opp til breen, men no kan turistar oppleve dalen frå ein annan vinkel og returnere langs stien.
Vil du ikkje gå, kan du framleis booke ein av dei grøne trollbilane opp til isbreen. Etter turen til breen kan ein nyte alle fasilitetane nede ved parkeringsområdet, med restaurant, kaffibar og stor suvenirbutikk.