Årets siste cruiseskip i Olden møter hausten i Briksdal

Den 21. oktober 2025 var det siste cruiseanløpet for sesongen i Olden. Med det siste skipet til kai runda bygda av ein travel og innhaldsrik cruisesesong.

I Briksdal var det folksamt denne dagen. Besøkande tok turen opp dalen mot den mektige Briksdalsbreen, medan naturen stod i haustleg drakt. Fjellsidene gløda i gult, lufta var klar og frisk, og det låg eit mektig haustpreg over dalen – ei stemningsfull avslutning på sesongen.

 
Forrige
Forrige

Godt nytt år frå vinterkledde Briksdal!

Neste
Neste

Møt dyra på Kleivane fram mot Briksdalsbreen