REISE HIT

Mange vegar fører til Briksdal. Finn ein.


BUSSRUTER

 FRÅ CRUISESKIP I OLDEN TIL BRIKSDAL

Frå busshaldeplassen ved kaia i Olden kan du ta Brebussen som kjem frå Stryn - eller du kan ta Briksdal Glacier Shuttle Bus frå Olden til Briksdal.

Booking Briksdal Glacier Shuttle Bus

BREBUSSEN FRÅ STRYN

Frå Stryn eller Olden kan du ta Brebussen inn til Briksdalen for å oppleve den vakre Briksdalsbreen.

Rutetider for Brebussen


EKSPRESSBUSS TIL STRYN

Til Stryn kjem du enklast med ekspressbussar som har 3 daglege avgangar frå Oslo og Bergen, og 1 dagleg avgang frå Trondheim.

Finn di rute på entur.no


TAXI

Olden Taxi, 6788 Olden, Tlf 95086146.


BÅTRUTER OG FLYPLASSAR

Båtruter
Ørsta/Hovden
Sandane/Anda
Ålesund/Vigra 

Kombinere gjerne turen til breen og Nasjonalparken med eit besøk i verdsarvområda kring Geiranger.

Du finn Geirangerferja her


SKYSS

www.skyss.no finn du reiseplanleggar og informasjon om rutetider, billettar, og prisar for båt, ferje, og buss rundt omkring i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn.


PARKERING

Ved Briksdalsbre Fjellstove har vi plass til mange bussar. Parkeringsplassen like nedanfor Fjellstova tek 220 bilar (ta av i bakken like nedanfor Briksdalsbre Fjellsove). Avgiftsparkering for person- og campingbilar.
Til breen kan du ta Trollbilen 2 km, deretter ca 500 m i lett terreng til fots.


BUBILPARKERING

I Briksdal er du velkomen til å parkere og ta natta i bubilen din. Slik kan du oppleve og utforske den fantastiske naturen her gjennom eit heilt døgn.


LADESTASJON

Ved Briksdalsbre Fjellstove kan du lade bilen din. Her finn du ein 120 kW hurtigladar - og ein ladar på 22 kW.


FANN DU IKKJE VEGEN?

Kontakt oss direkte på telefon, e-post eller via skjemaet under her.